Festivalleiars side

På vegne av styret i OBJF ynskjer vi alle våre medlemmer og samarbeidspartnera, eit godt nytt år

Festivalkontakt

Festivalleiar
Gunnar Nagell Dahl
TLF: 951 18 490
E-post: gunnar.dahl@gmail.com

Samarbeidspartnarar






Bilder frå festivalane
Bilde01
Pålogging
Siste kommentarer

Godt nytt år!

Godt nytt år!

På vegne av styret i Osøren Blues&Jazzfestival vil eg ynskje alle bluesvenner eit godt nytt år!
Blues året vart avslutta 30. desember i Fjellheim med ca 280 gjester til stades. Steinar Lyssand med Bluenoteshufle og Hungry John med band gjorde kvelden til ein stor opplevelse og sette strek, for eit godt år for OBJF.
Til dei som ikkje var tilstades i Fjelheim,  kan de sjå/høyra denne linken  http://www.youtube.com/user/bluenoteshuffle#p/u/3/WqBbcE-zDqw
 
 
Vi er klar til neste års festival med fleire gode artistar klar!
Følg med! snart får vi nye nettsider!
 
 
 
 
 
 
 
 


Romjulsblues 2009

Osøren Blues & Jazzfestival inviterer til den tradisjonelle romjulsbluesen i Fjelheim 30 Desember 2009
I år har spelar Steinar Lyssand med Bluenoteshuffle og Hungry John med band.


Årsmøte i Osøren Blues & Jazzfestival

Under årsmøtet vart rekneskapen lagt fram med eit overskot for alle aktivitetane i Festivalen

Styret for 2010 vart som følgjer:
Festivalsjef Gunnar Nagell Dahl,Programsjef Blues Per Kristian Hægland, Økonomisjef Hans Bjørn Bakketeig,  Logistikksjef Olav Kvinge, Teknisk sjef Andreas Lekven,  Arrangementssjef Tore Lekven, Materielsjef Dag Jacobsen,  Forpleiningsjef/ Marknadskoordinator Karin Daviknes,  Informasjon/ Program Jazz Arne Aarseth


Osøren Blues & Jazzfestival 2010

Neste års festival er allerede under planlegging.

 Festivalen vert 25 - 27. juni 2010.

Mykje er klart
Store delar av neste års program er klart, utan at alle artistane er bekrefta. Festivalsjefen fortel at hovudprogrammet i Vognhallen nesten er klart, og dei har ein “headliner” i sikte, som dei håper på å få i boks på nyåret.


Haustblues i Oselvarnaustet

Årets Haustblues vert i Oselvarnaustet lørdag den 14. november.

Trond Olsen Band frå Bergen spelar. Dei har bl.a. spelt på årets Nottodden Blues Festival, og fekk strålande kritikkar.

 

 


Festivalen 2009 er over

Årets bluesfestival vart avslutta den 28. juni med kyrkjekonsert med Solveig Slettahjell.

Festivalen 2009 var ein suksess med mykje god musikk og ikkje minst, med eit fantastisk vær.

Spesielt lørdag kveld i Vognhallen vart ein opplevelse for eit stort og entusiastisk publikum som fekk oppleva ein fantastisk kveld med Vamp, og ikkje minst  Eric "Zlim" Zahl m/band, og våre "eigne" Vetrhus Blues Band. Det kokte både ute og inne i hallen.

Me vil få takka vårt trufaste publikum, og ikkje minst, våre flotte frivillige som ytte ein stor innsats under festivalen. Utan dykk, kunn me ikkje ha ein slik festival !


Konserten med Vamp

Konserten med Vamp i Vognhallen startar kl. 20.00 presis !

Dørane opnar kl. 19.30, så ver tidlig ute slik at du får med deg heile konserten.


© osoren.org 2008 GND 2009